søndag 31. mars 2013

Påskeferie

Då er årets hyttepåske over for denne gang. Påske for meg er synonymt med hyttekos; fyre i ovnen, masse tente lys om kvelden, kort- eller brettspel med ungane, fine skiturar og ikkje minst berre sitte i hytteveggen med ein kaffikopp og nyte sola:)

 
Litt inneleik høyrer også med.
 
Denne påska har vi hatt det finaste været nokon gong. Sol frå skyfri himmel og vindstille heile veka og det beste skiføre ein kan tenka seg. Fint å kunna spenna på seg skia rett ut for hytteveggen og gå i fine preparerte skiløyper i ein fantastisk natur.
Eg har aldri vore spesiellt opptatt av å ta bilde av naturen, men når eg har slik utsikt når eg kjem ut om morgonen, måtte eg berre ta nokre bilde.
Masse kjekt å finna på i snøen:)
No kan nesten ikkje sommaren koma fort nok. Blir sikkert ikkje fleire turar til hytta før i juni, desverre.
 

torsdag 31. januar 2013

Nytt navn

Eg har i dag forandra navnet på bloggen. Då vi no skal ta over familiegarden, hadde eg lyst å bruka "navnet" på garden. Innlegga mine kjem nok til å bære preg også av det, det kjem nok ein del innlegg om det som skal skje framover.

Har skjedd ein del forandringar i huset etter eg hadde sist innlegg, har hatt skikkeleg bloggtørke.

Nytt/gammalt salongbord som har fått nytt liv med ny farge. Har stått i garasjen ei stund uten at eg heilt visste kva eg liksom skulle med det. Eg laga eit bord for eit år sidan, eit med hjuler under, men vart litt lei det. Har ikkje noko skikkeleg bilde av det eigentleg, men bildet under her viser i alle fall fargen det hadde.
Har fått litt dilla på turkis/petrol blå farge for tida.

Ha ein fin torsdag :)

tirsdag 20. november 2012

Kjøkkenhylle

Endeleg har eg fått på plass den siste hylla på kjøkkenet. Somme ting går så absolutt litt tregt.
Då vi fiksa kjøkkenet for tre år sidan hengte vi opp ein biopeis over kjøkkenbenken saman med ei hylle med ved. Det gjekk ikkje  så lang tid så vart biopeisen flytta inn til spisestuedelen, og då var det liksom noko som mangla over kjøkkenbenken.





søndag 4. november 2012

Soverom

Å legge seg i nyvaska sengetøy er berre heilt herleg. Mitt favorittsengetøy er eit i lysegrått lin frå H&M. Det kan absolutt anbefalast, eg skal kjøpe eit til, i kvitt har eg tenkt. Dei blir berre mjukare for kvar vask.

 På sengegavlen har eg hengt opp mine og husbonden sine gamle barnesko. Dei gamle skoa passa ganske bra til den rustikke sengegavlen.


Eg har også fått augene opp for Ellos i det siste. Dei har ganske mykje interiør faktisk, ikkje minst mykje fine putetrekk. Det med peace tegnet har eg kjøpt der og fine prisar har dei og:)


No er det tid for ein lengre søndagsfrukost. Ha ein fin søndag :)
 

lørdag 3. november 2012

Frukost på ein lørdag

Ja, eg veit det er lenge sidan eg har hatt innlegg. Eg har sjukdom i familien, og bloggelysta har vore lik null. Men eg følger med på bloggane til dere, dagleg:)
 
Men i dag fekk eg rett og slett lyst å blogge om frukosten min. Enkel, sunn og fantastisk god :)
Oppskrifta er enkel: vaniljeyoghurt, vita hjertegod frukostblanding, litt hakka nøtter og friske jordbær, nam, nam.
 

Ikkje så fantasifullt styla kanskje, men det smakar godt likevel.
 
Ha ein fortsatt fin lørdag til dere:)
 
 

tirsdag 10. juli 2012

Mood board til loftstova

Vi har ei lita loftstove som ikkje har vorte sæleg brukt etter at den vart delt av med eit soverom. Då vart den nokså lita og vanskeleg å møblere. No har eg funne ut korleis den kan møblerast for å bli best muleg utnytta. 
Tak, vegger og golv skal vera kvite. Har akkurat måla soverommet heilt kvitt og det vart kjempefint.

 
No har eg laga mood board, så eg lettare kan sjå føre meg korleis eg har lyst å ha det:) Har etter kvart funne ut at det er veldig lurt å ha ein slik plan. Det er lett å gå i fella å kjøpa puter, tepper, lamper eller kva det måtte vera i ein farge som ser fin ut i butikken, men som gir heilt feil uttrykk i det rommet den skal vera.

Eg har vore veldig svak for svart i mange år, men den fargen må brukast i små mengder i loftstova vår.



Dette er ønskelista mi, så får me sjå korleis det ferdige resultatet blir (forhåpentlegvis utpå hausten).

Ha ein fin dag:)

mandag 9. juli 2012

Heimebaka knekkebrød

I dag har eg laga ei ny ladning knekkebrød. Dei er superenkle å laga, er sunne og smakar kjempegodt.


Eg lagar røra i Kitchen Aiden min, den står framme heile tida, så då går det kjempefort å lage.


Om du har lyst å prøve er oppskrifta slik:

3 dl sammalt rug, grov
3 1/2 dl havregryn, lettkokte
1 dl kruskakli
1 dl sesamfrø
1 dl linfrø
2 dl solsikkekjerner
1 ts salt ( eg brukar ofte kvernsalt som eg dryssar på før steiking)
7 dl vatn

Så gjer du slik:
Bland alt saman til ei røre. Dekk to steikeplater med bakepapir. Smør blandinga utover platene med sleikepott så du får eit tynt lag. Lag ruter med sleikepotten.
Steik i ca 40 min på varmluft 185 grader. Åpne døra med javne mellomrom for å sleppe ut damp.
Ta ut knekkebrøda, del dei opp og legg dei på rist. Set ned temperaturen til 100 grader og lat dei stå i ovnen til dei har blitt sprø, ca ein time.
Avkjølast og leggast i ein tett boks.


Smakar godt med all slags pålegg men min favoritt:
Kvitost, agurk og tomat: Nyt :)


lørdag 7. juli 2012

Friminutt


For nokre dagar sidan hadde eg eit fint sommarfriminutt; Me var på hytta, som ligg høgt til fjells, utan straum og innlagt vatn. Snøen låg kvit og fin rundt omkring.




Å sitte i badestampen og kjenne på den friske lufta, når det er heilt stille, berre fuglane kvitrar og det sprakar i ovnen - DET er friminutt det:)



Denne gongen var det nesten litt eksotisk å ligge i stampen og sjå snøen rett bortanfor hytteveggen, når kalendaren tross alt viser juli.


Duk på bordet og litt blåbærlyng i eit cola-glas, det skal ikkje meir til for å lage god stemning når ein er nesten 900 meter over havet:)

Dette vart mitt bidrag i NIB si utfordring Friminutt.

mandag 2. juli 2012

Vinnar av give away og nytt på soverommet

Har endeleg fått på plass resten av sengegavlen og hengt opp litt pynt på veggene.


Det kvite teppet har eg strikka. Meininga var å bruke det i stova, men oppdaga raskt at det nuppar seg så det må nok ligga til pynt på senga. Har lyst å strikka eit nytt, men då vert det ein anna garntype.



Soverommet er litt smalt, men det er akkurat plass til senga og to nattbord.


 Har hengt opp smykker og skjerf på eine veggen. Skjerfa heng på ein  drivved-pinne som ein av ungane fann på stranda. Den passa kjempefint til skjerfa.



Så har eg trekt vinnar av give awayen.  Har brukt random.org, enkel og grei måte å trekke vinnar på.

Tusen takk til alle som har lagt att kommentarar og lagt seg til som følgar av bloggen. Det set eg stor pris på:)


Vinnaren av denne fine veska er:
Hege (hejsa80)

Gratulera:)




søndag 1. juli 2012

Konkurranse på Kremmerhusbloggen

Kremmerhusbloggen blir 1 år og har i den anledning ein konkurranse der ein kan vinne varer for 2500 kr. Klikk her for å bli med.

Her er mi ønskeliste.


Ein skikkeleg flott premie:)