mandag 9. juli 2012

Heimebaka knekkebrød

I dag har eg laga ei ny ladning knekkebrød. Dei er superenkle å laga, er sunne og smakar kjempegodt.


Eg lagar røra i Kitchen Aiden min, den står framme heile tida, så då går det kjempefort å lage.


Om du har lyst å prøve er oppskrifta slik:

3 dl sammalt rug, grov
3 1/2 dl havregryn, lettkokte
1 dl kruskakli
1 dl sesamfrø
1 dl linfrø
2 dl solsikkekjerner
1 ts salt ( eg brukar ofte kvernsalt som eg dryssar på før steiking)
7 dl vatn

Så gjer du slik:
Bland alt saman til ei røre. Dekk to steikeplater med bakepapir. Smør blandinga utover platene med sleikepott så du får eit tynt lag. Lag ruter med sleikepotten.
Steik i ca 40 min på varmluft 185 grader. Åpne døra med javne mellomrom for å sleppe ut damp.
Ta ut knekkebrøda, del dei opp og legg dei på rist. Set ned temperaturen til 100 grader og lat dei stå i ovnen til dei har blitt sprø, ca ein time.
Avkjølast og leggast i ein tett boks.


Smakar godt med all slags pålegg men min favoritt:
Kvitost, agurk og tomat: Nyt :)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for at du tek deg tid til å legge igjen nokre ord til meg :-)
Har du også ein blogg, tek eg gjerne ein tur innom bloggen din.