fredag 8. juni 2012

Gutterom

Endeleg, byrjar rommet til piraten vår å bli nokolunde ferdig. All måling av vegger og golv er i alle fall unnagjort. No manglar det "berre" å lage nokre hyller og kassar til oppbevaring av leiker.




Senga vart både eg og piraten fornøgd med. Det er ei 120 cm brei rammemadrass og sengegavlen består av to pallar over kvarandre.


Nattbordet er frå Halvor Bakke kolleksjonen.





Fekk heldigvis tak i ein godt brukt kabeltrommel og der blir det faktisk plass til mange stolar og krakkar rundt. Har tenkt at bordet skal fungere som både leike- og leksebord, så her blir ingen skrivepult.

Så håpar eg at resten av rommet skal bli ferdig i løpet av helga. Kjem nok med eit innlegg om det ferdige rommet og håpar eg klarar å knipsa bedre bilder då. Fekk sola inn gjennom vindauga så desse bilda vart slett ikkje bra.

Ha ei fin helg:)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for at du tek deg tid til å legge igjen nokre ord til meg :-)
Har du også ein blogg, tek eg gjerne ein tur innom bloggen din.