torsdag 31. mai 2012

Inspirasjon gutterom

Prøver meg på eit lite inspirasjonsinnlegg. 6-åringen skal få seg nytt rom, og eg har vaska, sparkla og gjort klart til maling. Alt utstyr og maling på plass i romet, det var berre det at målinga var øydelagt.....
Hadde løyvd eit halvt 10-liter spann med kvit måling og tenkte eg skulle bruke resten på dette rommet. Då eg åpna spannet gjekk det opp for meg at det var i juni 2011 eg måla sist, så den målinga var seig som sparkelmasse.
Poden har vore Sabeltann-frelst sidan han var 3 år gamal og likar fortsatt veldig godt "pirat-ting". Rommet skal gjenspegle litt av interessa hans har eg tenkt. Det rommet han har no, deler han med lillebroren sin og der er det Lynet Mc Queen som gjeld.

 Har laga ei samling bilder som eg tenkte å bruke som idèbank.
 


Har sansen for å gjere rommet litt røft. Når ein er 6 år må det ikkje bli for sukkersøtt, synest no eg då :)



1 kommentar:

  1. Så utolig kult og gjennomført.
    Inpponert.
    Følger deg videre.
    Velkommen inn til min klokke giveaway.

    Mvh
    Karianne

    SvarSlett

Tusen takk for at du tek deg tid til å legge igjen nokre ord til meg :-)
Har du også ein blogg, tek eg gjerne ein tur innom bloggen din.