tirsdag 22. mai 2012

Utesofa XXL

Endeleg kom våren. Etter mange veker med temperturar som ikkje minner mykje om mai, er det på tide å flytte ut på terrassen. Vi har ein skjerma uteplass med tak over, der me trivast godt :)




Eg har laga ein gigantisk utesofa av pallar. Den er over 4 meter lang, eg har brukt fire pallar etter kvarandre, to i høgda. Den eine er snudd vinkelrett på dei andre, så den dannar eit lite hjørne. Det blir brukt til å setta lykt, blomster og slike kjekke ting på :)


Planen er å måla både levegger og pallar med kvit beis. Er litt i tenkeboksen om eg skal ha pallane som dei er, likar den rustikke look`en også.




Stor sofa med plass til heile familien. Bordet er ei nødløysing, det er egentleg ein utebenk men størrelsen var heilt perfekt, så det får stå ei stund til.

Lisettes perler har ei utfordring"vis meg ditt uterom". Dette er mitt bidrag.


4 kommentarer:

  1. Elsker sofaen din, den ser utrolig deilig ut :) Pallene synes jeg er fine som de er! Ha en deilig dag :)

    SvarSlett
  2. Oj så kreativt og vakkert stylet, lykke til;)

    SvarSlett
  3. Hei! Fantastisk flott lounge! Kan jeg spørre hva slags madrasse du har brukt? Er det vanlige sengemadrasser med trekk? Har du sydd trekket selv eller er det kjøpt? Skal til å lage meg en egen sofa nå, men usikker på hvordan jeg skal gjøre det med puter/madrass å sitte på.
    Randi

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er vanlege skummadrasser, men eg brukt eit sengteppe oppå. Det var så stort at eg har delt det i to så det dekkar heile sofaen. Det ligg faktisk på vranga, synest det var finast slik.

      Slett

Tusen takk for at du tek deg tid til å legge igjen nokre ord til meg :-)
Har du også ein blogg, tek eg gjerne ein tur innom bloggen din.