søndag 15. januar 2012

Herlig dag :)

Har hatt ein fantastisk dag i skibakken i dag! To av ungane skulle vere med på slalomrenn, men då eg stod opp var ikkje veret slik at det frista så mykje å reisa på fjellet. Hadde meir lyst å innta sofaen med kaffi, laptop og surfa på alle favorittbloggane..


Heldigvis var dei påmeldt til rennet på førehand, då er det liksom ikkje noko tema at me ikkje skal på ski. Det finnast egentleg ikkje bedre oppladning til ei travel veke enn å tilbringa heile dagen ute i frisk luft med ein aktivitet som eg likar (i tilfelle du lurte; ja me er ofte i skibakken:) Veret vart også mykje bedre enn det først såg ut til, og så er det vel noko som heiter "finnast ikkje dårleg vær, berre dårlege klær"


Kva smakar vel bedre enn enn ein velfortent sjokolade før premieutdelinga?
Sjåast snart :)


1 kommentar:

Tusen takk for at du tek deg tid til å legge igjen nokre ord til meg :-)
Har du også ein blogg, tek eg gjerne ein tur innom bloggen din.