lørdag 14. januar 2012

På ønskelista

Denne veska har eg falt fullstendig for. Har sett den på fleire bloggar, ja eg hadde vel sikkert vore heilt uvitande om denne veska om eg ikkje hadde lese interiørbloggar:) Det har hendt eg har lagt kamera heime for det har vore så upraktisk med ei stor kameraveske i tillegg til veska mi, så det i seg sjølv er vel eit veldig godt argument for ei slik veske:)
Eg likar kjempegodt fargen og ikkje minst den praktiske rominndelinga. Nå skal me snart på ferie, og med fire ungar, den minste med bleier og flaske, meiner eg denne veska må vere super. Til og med laptop får ein visst plass til:)
Ja, eg får vel fundere litt til, men eg har bursdag snart og då hadde vel denne vore passande?

God helg:)




2 kommentarer:

  1. La meg til som følger, fin blogg detta! Ses innom hos meg neste gang? :=)

    SvarSlett
  2. Skjønner hvorfor du synes den er tøff. Jeg falt for den nå da jeg så den jeg også! Vet du hva den heter og hvor jeg eventuelt kan få kjøpt den??

    SvarSlett

Tusen takk for at du tek deg tid til å legge igjen nokre ord til meg :-)
Har du også ein blogg, tek eg gjerne ein tur innom bloggen din.