torsdag 29. desember 2011

Rotekopp

Hadde eigentleg tenkt å laga eit innlegg som var litt meir nyttårsrelatert, men eg har klart å rota bort ladaren til kameraet. Den pleier alltid å ligge i kameraveska, så eg vart temmeleg lang i maska når den ikkje låg der. Kameraet er heilt tomt for batteri og du må ikkje tru at andre ladarar passar. Vi har eit videokamera av eit anna merke, kan jo nesten ikkje rekna med det skal passa, men likevel... Så har vi eit Canon kompaktkamera, skulle nesten tru den ladaren passa til EOS 550, men neidå. Fekk så låna meg ein ladar av svogeren, trur han har 550, men ladaren passa ikkje, så mest sansynleg er det eit anna kamera. No er frustrasjonen til å ta og føle på. Sjekka pris på ny ladar, mellom fem og seks hundre!! for ein ladar, det er skamlaust!




So då får det bli eit innlegg med gamle bilder, og kva er vel bedre enn å drøyme om sommaren. Har aldri vore så lei vinteren som i år.


Kom over nokre bilder frå hytta i sommar. Vi kjøpte vedfyrt badestamp i sommar, dvs vi kjøpte den ved påsketider og køyrde den på snøscooter. Hytta ligg på 850 m.o.h. og vi har som dere sikkert forstår ikkje veg fram til hytta.



Heilt fantastisk å ligge i badestampen etter ein gåtur. Været har ingen betydning, like fint i regnvær som sol. Og ungane storkosa seg og har alltid noko å finne på.




1 kommentar:

  1. Hei! Takk for koselig kommentar hos meg! Kjekt med slik tilbakemelding! Ha en fantastisk nyttårsfeiring! Så delig ut med badestamp da!! :)

    SvarSlett

Tusen takk for at du tek deg tid til å legge igjen nokre ord til meg :-)
Har du også ein blogg, tek eg gjerne ein tur innom bloggen din.