mandag 2. juli 2012

Vinnar av give away og nytt på soverommet

Har endeleg fått på plass resten av sengegavlen og hengt opp litt pynt på veggene.


Det kvite teppet har eg strikka. Meininga var å bruke det i stova, men oppdaga raskt at det nuppar seg så det må nok ligga til pynt på senga. Har lyst å strikka eit nytt, men då vert det ein anna garntype.



Soverommet er litt smalt, men det er akkurat plass til senga og to nattbord.


 Har hengt opp smykker og skjerf på eine veggen. Skjerfa heng på ein  drivved-pinne som ein av ungane fann på stranda. Den passa kjempefint til skjerfa.



Så har eg trekt vinnar av give awayen.  Har brukt random.org, enkel og grei måte å trekke vinnar på.

Tusen takk til alle som har lagt att kommentarar og lagt seg til som følgar av bloggen. Det set eg stor pris på:)


Vinnaren av denne fine veska er:
Hege (hejsa80)

Gratulera:)




3 kommentarer:

  1. Gratulerer til heldig vinner:)
    Lekkert soverom altså - mange herlige detaljer ♥

    SvarSlett
  2. Gratulera Hege. Kan du senda meg navn og adresse, så får eg sendt avgarde premien til deg:) Har prøvd å maila deg, men ikkje fått svar.

    SvarSlett

Tusen takk for at du tek deg tid til å legge igjen nokre ord til meg :-)
Har du også ein blogg, tek eg gjerne ein tur innom bloggen din.