torsdag 28. juni 2012

Soverom inspirasjon

Eg har visst hatt innlegg om dette tidlegare, men temaet er fortsatt like aktuellt... Berre at no har me eit anna soverom enn sist. Dei siste vekene har eg stort sett rydda, sortert leiker, flytta leiker og møblar til andre rom, måla tak, vegger og golv. Når eg skriv dette synest eg det høyrest ut som eit pes, men egentleg er det nokså kjekt når eg først er i gang. Eg blir som oftast meir stressa av å tenka på alt som skal gjerast, når eg er i gang er det stort sett berre moro.



Det som har skjedd her i huset dei siste vekene er rett og slett at alle i familien har bytta rom. Eldste son har flytta i kjellaren, nest eldste son har overtatt eldste sitt rom, eg og husbonden har bytta rom med prinsessa vår. Då står me att med vetleprinsen, han blir verande der han er, men no får han rommet åleine. Veit ikkje heilt om dette vart forståeleg for andre enn meg, men kort fortalt: mykje flytting og måling. Difor har det vore litt stille her siste tida.

Bestillte nye leselamper til å montere på sengegavlen. Då eg pakka dei opp, var det sjølvsagt feil type lamper. Bordlamper var det som kom. Eg sette dei på nattbordet, og vart egentleg nokså fornøgd. Hadde lyst på vegglamper for å frigjere noko plass på nattborda, som ikkje er av dei største.





Rommet vårt er stort sett ferdig, manglar litt av sengegavlen og litt å henge på veggene. Planen er der, kjem nok snart på plass (håpar eg :)

Her er nokre av bildene eg har henta litt isnpirasjon frå.






Hadde litt vanskeleg for å bestemma meg om det skulle gå i svart-kvitt eller kvitt og natur. Vart litt av begge. Trur det blir bra:)

Ha ei fin helg:)


2 kommentarer:

  1. Så kjekt med litt flytting rundt i huset da, alltid gøy med forandringer:)
    Lekre detaljer på soverommet deres ♥
    Viktig og ha et godt og fint sted og sove:)

    Ha en fin fin fredag:)

    SvarSlett
  2. Forandring fryder og soverommet er kjempefint. Akkurat sånn farger jeg og liker.

    Klem Mona C

    SvarSlett

Tusen takk for at du tek deg tid til å legge igjen nokre ord til meg :-)
Har du også ein blogg, tek eg gjerne ein tur innom bloggen din.