lørdag 7. januar 2012

Spisebordet ein gong til....

Ja, no tenker eg at eg har bestemt meg for kva eg skal gjera med spisebordet. Har vore veldig usikker på om eg skal måla det kvitt, eller ha det slik det er no. Bordet er såpass stort og kraftig at det vil nok bli ein betydleg forandring om det blir kvitmåla.



Spørsmålet no er berre når eg skal få tid til å gjera dette. Har hatt ein lengre periode med avspasering no før jul, som utelukkande har gått med til å pleie sjuke ungar. Har hatt fire ungar med vannkoppar i desember...
Vart liksom ikkje tid til alle slike prosjekt som skulle gjerast når eg fekk så god tid...
Frå mandag er det full rulle igjen på jobben igjen, jiippi..


Eg er også på leit etter nye stolar eller krakkar til ha istadenfor benken. Den er egentleg ein utebenk som vi brukar ute om sommaren, men tok den inn berre for å prøva om vi, les:eg, likar å sitte uten ryggstøtte.



Draumen er å ha nokre slike...

Eller slike....


Eller kanskje ein kombinasjon?

Ikkje lenge til eg har bursdag, så me får sjå om det vert noko nytt då..

Ha ein fin dag :)


1 kommentar:

  1. Hei!

    Tusen takk for fine ord :)

    Gratulerer med blogg, håper du får like mye glede av å blogge som jeg gjør!

    God lørdag
    -Amalie

    SvarSlett

Tusen takk for at du tek deg tid til å legge igjen nokre ord til meg :-)
Har du også ein blogg, tek eg gjerne ein tur innom bloggen din.