Då er årets hyttepåske over for denne gang. Påske for meg er synonymt med hyttekos; fyre i ovnen, masse tente lys om kvelden, kort- eller brettspel med ungane, fine skiturar og ikkje minst berre sitte i hytteveggen med ein kaffikopp og nyte sola:)
Litt inneleik høyrer også med.
Denne påska har vi hatt det finaste været nokon gong. Sol frå skyfri himmel og vindstille heile veka og det beste skiføre ein kan tenka seg. Fint å kunna spenna på seg skia rett ut for hytteveggen og gå i fine preparerte skiløyper i ein fantastisk natur.
Eg har aldri vore spesiellt opptatt av å ta bilde av naturen, men når eg har slik utsikt når eg kjem ut om morgonen, måtte eg berre ta nokre bilde.
Masse kjekt å finna på i snøen:)
No kan nesten ikkje sommaren koma fort nok. Blir sikkert ikkje fleire turar til hytta før i juni, desverre.